Bakgrunn

Bakgrunnen for skipinga av Finansmarknadsfondet var at Stortinget vedtok at delar av overskotet frå salet av Oslo Børs ASA og Verdipapirsentralen ASA skulle avsetjast til eit finansmarknadsfond. Avkastinga skal finansiere forsking og allmennopplysning innanfor finansmarknadsområdet. Enkeltpersonar, institusjonar og organisasjonar kan søkje om midlar på grunnlag av kriteria som er fastsette i vedtektene.

Eit styre med åtte medlemmer vedtek utdeling av midlar. Finansdepartementet har fastsett regelverk for Finansmarknadsfondet. Sekretariatsfunksjonen er det Forskingsrådet  som tek seg av. Finansmarknadsfondets løyvingsvedtak er halde unna klagereglane i forvaltingslova.

I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2012-2013) vedtok Stortinget å etablere ein ny modell for løyvingar til Finansmarknadsfondet. Fondet stansa frå 01.01.13, fondskapitalen blir tilført statskassa og blir erstatta av ordinære utgiftsløyvingar over statsbudsjettet frå og med budsjettåret 2013.

Styret legg i utgangspunktet til grunn ein tilnærma 50/50-fordeling av midlar til allmennopplysning og midlar til forsking.


For meir informasjon og omtale av fondet blir det vist til: Prop. 1 S (2012-2013) Omtale av Finansmarkedsfondet - ny finansieringsmodell på denne sida.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. oktober 2024, kl. 02.14 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.