Om Finansmarknadsfondet

Finansmarknadsfondet støttar prosjekt innanfor forsking og allmennopplysning som skal gi betre kunnskap om korleis finansmarknadene fungerer. Prosjekta skal også føre til meir etisk medvit.

Ved salet av Oslo Børs ASA og Verdipapirsentralen ASA vedtok Stortinget at delar av overskotet skulle avsetjast til eit finansmarknadsfond. Avkastninga frå fondet skulle finansiere forsking og allmennopplysning innanfor finansmarknadsområdet. I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2012-2013) vedtok Stortinget å etablere ein ny modell for løyvingar til Finansmarknadsfondet. Fondet stansa frå 01.01.13, og fondskapitalen blir tilført statskassa og erstatta av ordinære utgiftsløyvingar over statsbudsjettet (frå og med budsjettåret 2013). Mer om bagrunn og Statsbudsjettet.

Eit styre med åtte medlemmer vedtek utdeling av midlar. Finansdepartementet kan delta i styret med to observatørar med talerett.

Finansdepartementet har fastsatt regelverk (se denne side) for Finansmarknadsfondet. Styret legg i utgangspunktet til grunn ein tilnærma 50/50-fordeling av midlar til allmennopplysning og midlar til forsking (inkl stipendiatar). Finansmarknadsfondets løyvingsvedtak er halde unna klagereglane forvaltingslova (se denne side).

Sekretariatsfunksjonen er det Forskingsrådet som tek seg av.

Årsrapporter og porteføljeanalyser

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. november 2022, 14.18 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.