Generell informasjon

Finansmarknadsfondet støttar prosjekt innanfor forsking og allmennopplysning som skal gi betre kunnskap om korleis finansmarknadene fungerer. Prosjekta skal også føre til meir etisk medvit.

I 2022 fekk Finansmarknadsfondet 16 søknader om nye allmenn-opplysningsprosjekt, 15 søknader om nye forskarprosjekt og tre søknader om støtte til faglege arrangement. Av desse vart åtte allmennopplysningsprosjekt, fem forskarprosjekt og tre faglege arrangement innvilga økonomisk støtte. I tillegg innvilga styret vidare finansiering av eit pågåande allmennopplysningsprosjekt og 10 pågåande forskarprosjekt.

Moglegheiter for administrativ vurdering av førebelse prosjektskildringar (skisser)

Som søkjarar kan du få ei administrativ vurdering av førebelse prosjektskildringar (skisser) i forkant av søknadsfristane.

Dette kan skje i form av eit dialogmøte eller gjennom skriftlege kommentarar, og er basert på eit skriftleg underlag frå søkjar. Ei administrativ vurdering føreset at søkjar er ute i god tid, både fordi det kan vere tidkrevjande å omarbeide søknaden basert på tilbakemeldingane, og fordi sekretariatet får mange førespurnader tett opptil søknadsfristane. Av erfaring vil ei administrativ vurdering bidra til å gjere søknaden båded betre og meir tydeleg.

Vi tilrår spesielt nye søkjarar å nytte seg av dette tilbodet.

Forskarprosjekt

Finansmarknadsfondet finansierer forskarprosjekt, inkludert doktorgrads- og postdoktorstipend. I samband med dette bør du merke deg at  Finansdepartementets regelverk for Finansmarknadsfondet stiller særskilde krav til publisering. Det skal også vere betydeleg fagleg spreiing i bruken av midlane til fondet. 

Sjå eiga rettleiing på denne sida for meir informasjon.

For å stimulere til meir populærvitskapleg publisering, kan Finansmarknadsfondet utbetale ein publiseringsbonus på 20 000 kroner per kronikk/debattinnlegg med basis i forskarprosjekt med finansiering frå fondet. 

Søknadsfrist i 2023 er 24. mai kl 13.00.

Lenkje til søknadsskjemaet blir seinast aktivert seks veker før søknadsfristen.

Lenke til søknadsskjema

Allmennopplysningsprosjekt

Finansmarknadsfondet finansierer allmennopplysningsprosjekt. Vi legg spesielt vekt på at de har ei klårt definert målgruppe og ein gjennomtenkt  formidlingsplan i slike prosjekt.

For tekster og visuelle produkt er det utarbeidd ein særskild rettleiar. 

Sjå eige vedlegg på denne sida for meir informasjon.

Søknadsfristane i 2023 er 8. februar og 13. september. For begge datoer går fristen ut kl 13.00.

Lenkje til søknadsskjemaet blir seinast aktivert seks veker før søknadsfristen.

Lenke til søknadsskjema

Faglege kurs og konferansar

Forskingsorganisasjonar kan søkje om støtte frå Finansmarknadsfondet til faglege arrangement. Finansmarknadsfondet har ikkje eit eige budsjett øyremerkt arrangementsstøtte.

Utlysinga har løpande søknadsfrist, men avlesing vil vere i samband med  søknadsfristane. Styret i Finansmarknadsfondet har vedtaksmøter i mars og i oktober/november. 

Lenke til søknadsskjema

Rapportering

Finansmarknadsfondets standard rapporteringsskjema for allmennopplysningsprosjekt finn du på denne sida. Alle rapportar skal ha dato og signatur.

For forskarprosjekt og faglege arrangement skal du rapportere via Mitt nettsted.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. september 2023, 20:37 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.